Test og eksempel
Hovudformålet med ein podcast er sjølvsagt å formidle lyd til lyttarane, men ser du på til dømes NRK så vil du sjå at alle program har nettsider - det er altså viktig å engasjere lyttarane med noko meir enn berre lydstraumen frå radiobølgene/podcasten. Vi vil difor fokusere på at dykkar Podcast skal vere ein del av ein Blogg der meiningsfullt innhald vert lagt rundt episodene slik at lyttarane kan verte inspirert til å følge med, lese meir og ikkje minst lytte og gle seg til neste episode.
